Undervisningstilbod
Musikk
Showkor i Kaupanger
BLI MED OG SYNG I SHOWKOR I KAUPANGER!
Sogn kulturskule inviterer til showkor i Kaupanger for born i alderen 9-13 år.
Øvingane finn stad på musikkrommet på Kaupanger skule tysdagar kl 15.00-16.00.
Sogn kulturskule startar no eit songtilbod i Kaupanger for deg.
Vi skal i gruppe utforske og leike med stemma, og synge songar du likar, innan pop og musikal og meire.
Du får utvikle songstemma di, opptre på konsertar i og utanfor Kaupanger, delta på seminar,
og kanskje kan vi reise til andre plassar og samarbeida med andre kor.
I tillegg vil vi samarbeida med Louise og Showtime, med å synge på Showtimesongane i forkant av Showtimevekene.
Vi legg vekt på songglede og formidling i gruppe, og du vil på ein utforskande og leikande måte utvikle grunnleggande songteknikk, lære mange songar og få sceneerfaring.
Instruktør er Bjørn Gisle Seter som arbeider som songar, songpedagog og dirigent i Sogn kulturskule.
Nokre gonger vil du også arbeida med andre instruktørar, pianist/band og teaterregissør.
Du kan prøva ut koret eit par gongar før du bestemmer deg for om du vil vere med fast.
Dersom de har spørsmål, kan de kontakte Bjørn Gisle på tlf. 971 17 557 eller mail: bgseter@hotmail.com.
Sogn kulturskule tek semesteravgift for deltaking på kr. 1.500,-. Du får evt søskenrabatt.