Dette er eit nytt tilbod i Sogn kulturskule for elevar frå 2. til 9. klasse. Det skal vera øvingar i musikkrommet på Sagatun skule, onsdagar frå 15:30-17:30.

Kva er improvisert teater? 

I motsetnad til tradisjonelt teater er improvisert teater prega av spontanitet, leik og utforsking. Her får skodespelarane utforske fantasi, spontanitet og samspel i lag, innanfor trygge rammer. Metodikken og pedagogikken som vert nytta byggjer på arbeidet til Keith Johnstone, som blir rekna som ein av grunnleggjarane av improvisert teater som anerkjend kunstform. 

Arne har vore amatørskodespelar sidan 2014 og har teke kurs, spelt framsyningar og undervist i teater på ulike scener i Oslo. Han har òg vore med på å leie teaterdagane for barn i Balestrand under Creative Connections, i samarbeid med Gard Eitungjerde og Tuba Ardic. 

Påmelding gjennom kulturskulen sine nettsider! Velkomne!