Distriktsmusikarane i Sogn er ei gruppe profesjonelle musikarar med base i Sogndal. Gruppa er ei av tre slike grupper i Sogn og Fjordane. I lag med kollegar i Gloppen, Førde og Lærdal utgjer dei ryggraden i fylket sitt profesjonelle musikkliv.

Ein distriktsmusikar har 50 % undervisning og 50 %  utøving i stillinga si.

Dei er involverte i store produksjonar årleg, som t.d. Opera Nordfjord sine oppsetningar, dei lagar skule- og barnehageproduksjonar for Den kulturelle skulesekken, og dei har eigne konsertar aleine eller i samarbeid med andre.

Distriktsmusikarane deltek også med eigen konsert kvart år på Gloppen Musikkfest, og dei er med i ulike orkesterprosjekt i hele Sogn og Fjordane.

For meir informasjon og tinging av konsert, send e-post til distriktsmusikarane eller ring DM-leiar på
918 48 373.

Oversikt over musikarane